Connect with us

Musikk

Slik var Warriors of Steel 2025 – Norges første power metalfestival

Published

on

Foto: Torger Jønsson Havåg - Warriors of Steel 2025

Denne saken er skrevet av Torger Jønsson Havåg

Ein heilt ny festival såg dagens lys den 23. Mai i år. 

Terminalen i Ålesund var det nemleg duka for Noregs første power metalfestival. Bak dette prosjektet står ei eldsjel ved namn Marius Danielsen.

Han er mest kjent for prosjektet “The Legend Of Valley Doom” som har gitt ut 3 konseptalbum med ei mengde av gjestevokalistar. No har han altså også starta festival, og denne kvelden var det ikkje mindre enn 6 band på scena. Vanlegvis er brukar det å vere ganske tynt i rekkene tidleg på kvelden på konsert, når til dømes oppvarmingsbanda skal spele. Men denne maikvelden var det godt oppmøte heilt frå start, noko som var kjekt både for frammøtte og ikkje minst for banda. 

Frå scena og frå baren kunne det nok sjå ganske fullt ut. Samtidig var det på langt nær fullt, så det var null problem å bevege seg rundt i lokalet, så på mange måtar var det heilt perfekt mengde folk.  

Palantir 

Foto: Torger Jønsson Havåg – Palantir, Warriors of Steel 2025
Foto: Torger Jønsson Havåg – Palantir, Warriors of Steel 2025

Første band ut denne kvelden var eit av fire svenske band, nemleg Palantir. Dette er, som mykje anna denne kvelden, klassisk power-metal.

Både bandet og musikken gir skikkelige power-metal vibbar, og dei ser ut til å storkose seg på scena! “Det her er vår største gig hittil!” Seier vokalisten på klingande svensk. En godt gjennomført konsert, og ein fin start på kvelden! 

Sjekk ut Palantir på Spotify:

Veonity 

Foto: Torger Jønsson Havåg – Veonity, Warriors of Steel 2025
Foto: Torger Jønsson Havåg – Veonity, Warriors of Steel 2025

Sjekk ut Veonity på Spotify:

Men ved andre band for kvelden, Veonity, vert det heile teke opp eit hakk frå opninga med Palantir.

Her er det ringbrynjer, skinn, nagler, sverd og en vokalist som verkeleg er frontmann med stor F! Backdrop er også meir framtredande, med banner på sidene av scena i tillegg til bak trommisen. Også desse svenskane verkar overraska og glade over det gode frammøte. Det er inga sjølvfølge såpass tidleg, og det er tydeleg at banda også er klare over.  

Insania 

Foto: Torger Jønsson Havåg – Insania, Warriors of Steel 2025

Kveldens 3. av 4 svenske band er Insania.

Her får vi ein litt anna variant av sjangeren, som er hakket tyngre enn dei foregåande banda.

Det er framleis umiskjennelig power-metal, men dette er kanskje hakket meir meir orientert mot klassisk heavy. Små nyansar er det, men likevel ein viss forskjell. Også sceneframtoninga skil seg ut, og her er det jeans og t-skjorte over heile linja, og ingen lange mankar. Gøy og sjå at ikkje alle band innan sjangeren er like stereotypiske. Vokalen låter til tider litt av at vokalisten syng høgt, og kanskje står litt vel nært mikrofonen. Det vedvarer litt utover, men blir også tidvis bedre, og det gjer ikkje veldig mykje for totalintrykket på konserten, heldigvis.

Og som dei to første banda, er desse karane også svært glade for å få spele for så mange denne kvelden. Vokalisten er både glad, rørt og viser fram gåsehud på armane, så dette har gjort inntrykk på dei sjarmerande svenskane! «Land Of the Winter Sun» er ei av låtene som skil seg ut, saman med avslutninga «Gift of Life», som er ein hyllest til trommisen si avdøde mor. Alt i alt vert dette også ein god konsert! 

Sjekk ut Insania på Spotify:

Dragonland 

Foto: Torger Jønsson Havåg – Dragonland, Warriors of Steel 2025
Foto: Torger Jønsson Havåg – Dragonland, Warriors of Steel 2025

Så var det klart for det siste svenske bandet, nemleg Dragonland. Dette var også det største og mest kjende av dei, og dei leverer eit heilproft opplegg frå scena! Her er vi tilbake til meir tradisjonell power-metal, utan at det er noko feil med det!

Full pinne med slottsheavy heile vegen, med unntak av ei ballade. Dei leikar seg og leverer både klassisk musikk via en synthsolo, og en cover av «Limals Never ending Story». Utvilsomt veldig høgt nivå på bandet, men på dette stadiet av kvelden kjende underteikna at dosa av ridderar, dragar var nådd for ei stakka stund, og tok ein kjapp matpause.  

Sjekk ut Dragonland på Spotify:

The Legend of Valley Doom 

Foto: Torger Jønsson Havåg – The Legend of Valley Doom, Warriors of Steel 2025
Foto: Torger Jønsson Havåg – The Legend of Valley Doom, Warriors of Steel 2025

Når mannen bak festivalen har sitt eige band, seier det seg nesten sjølv at dei også skal stå på scena. Marius Danielsen og hans band er godt kjent, kanskje spesielt blant lokale musikkentusiastar. Sidan den første plata kom i 2015, har han fått med seg det meste som kan stå og gå av nasjonale og internasjonale vokalistar på dei tre platene som har kome hittil. Imponerande, og minner litt om prosjekt som Avantasia og Ayreon i oppbygginga. Ei av utfordringane kan vere å få til dette live, men med herr og fru Danielsen, samt den meget kompetente Jan Thore Grefstad, vert dette ein heilt fantastisk konsert!

I tillegg til vokalist Peter Danielsen var også vokalisten frå Dragonland, Jonas Heidgert, også med på ei låt, som dermed får verdenspremiere med originalvokalisten frå plata denne kvelden. Veldig bra konsert, og ein augeopnar for underteikna, som skal setje av tid til å få hørt desse platene! 

Sjekk ut The Legend of Valley Doom på Spotify:

Fabio Lione 

Foto: Torger Jønsson Havåg – Fabio Lione, Warriors of Steel 2025

Avslutninga denne kvelden var ingen ringare enn Fabio Lione, kjend frå det klassiske power-metalbandet Rhapsody. Mannen treng ingen introduksjon blant kjennarane i salen, og har så til dei grader stemma intakt enda!

Opninga med «Dawn of Victory» er episk! Den blir etterfulgt av «Village of Dwarves«, før vi får historia om då Lione møtte Christopher Lee, og snakka i 15 minutt før han sa han kunne italiensk. Vi får sjølvsagt låta, «The Magic of The Wizards Dream», etterfulgt av «Holy Thunderforce»

For ei Gullrekke! Lione imponerar også med opera på «Laminto eroico», og leverar så det held! Klaginga på monitorane er nesten berre sjarmerande, på klassisk italiensk vis. «Land of Immortals» vert dessverre siste låt for underteikna, grunna ein ferjeavgang som måtte rekkjast. Men dette fristar til gjentaking, og Danielsen sa frå scena at han skulle prøve å få det til! Vi gler oss i så fall mykje, og håpar at det vert enda fleire på Terminalen neste år!

Sjekk ut Fabio Lione på Spotify:

Foto: Torger Jønsson Havåg – Warriors of Steel 2025

Sjekk ut vår guide til Norges feteste konsertscener

Sjekk ut vår store festivalguide 2025

Sjekk vår guide over norske aktive rockeband

Var du på Warriors of Steel?

Opplevd noen av bandene live tidligere?

Skriv dine kommentarer og del gjerne bilder/ filmklipp på Rockman facebook tilhengerside (her)

Følg oss også på Instagram her